Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kom deg av Tinder, og inviter nokon på kino!

Veteranråd

Stemnemøte med kjærleiksveteranar: Ove er blant dei som deler livsrøynsler i «Ekko av kjærlighet». Foto: Jacob Sofussen

Denne veka hadde eg gleda av å sjå «Ekko av kjærlighet» under Bergen internasjonale filmfestival. Den danske dokumentaren sender ei tiltrengt strime av humanistisk lys inn i verda. Midt i lyset står 80- og 90-åringar, som får vist seg fram som kjærleikens veteranar. Deira erfaringsperspektiv er eit apropos til den giftige debatten om kjønn, sex og digital sjekking.