Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jan Kjærstad lèt forteljaren sin sveve i sosialdemokratiets fall.

I eventyrland

På høgda: Kjærstads roman opnar på valdagen i 1965. Fotografiet frå valkampen er tatt på Youngstorget. Foto: NTB Scanpix

Anslaget og ambisjonane i Jan Kjærstads nye roman er av det slaget som sender tankane til dei beste bøkene hans, som «Berge» (2017) og trilogien om Jonas Wergeland (1993–1997). Ein Grorud-gut står på Youngstorget og får ei plomme og ein femøring av landsfaderen, Einar Gerhardsen, som han òg deler namn med – ikkje det majestetiske Gerhardsen, men det meir alminnelege døypenamnet Einar Olsen. Guten har ein Z mellom namna sine, «en krok som trakk meg opp av anonymiteten», og med femøringen og ein nyvunne «fingertuppfornemmelse» slår han seg opp og fram i livet og landet: Han kastar på stikka og vinn, plukkar aksjar og investerer med gevinst. Med rikdom på sinn og sosialdemokratiske verdiar i bringa spring han lettbeint frå oppveksten i arbeidarklassen og inn i den nye tid.