Erkjenninga av at liva våre kan bli mindre trygge i åra som kjem, har begynt å siga inn. Klimaendringar og naturkatastrofar, sviktande straumforsyning, mangel på mat og medisinar, digitale angrep, helsekriser – ja til og med krig, har rykka nærmare det trygge og stabile Noreg. Likevel er det lite som tyder på at samfunnsorganiseringa blir påverka av denne erkjenninga.
Motstandskraft er ikkje noko me kan vedta. Det må lærast.