I Hurdalsplattforma som den sitjande regjeringa la fram i 2021, står det at dei skal kome med «ei endring i straffelova slik at ordlyden speglar at seksuell omgang utan samtykke er forbydd og definert som valdtekt», eller det som ofte vert kalla for ei samtykkelov.
Sjølv om det står i Hurdalsplattforma, har regjeringa enno ikkje foreslått ei ny lov om samtykke før sex. Løftebrot, meiner SV, som trugar med å leggje fram lovforslaget sjølv.