Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nivåsenking

Om ein skal tru forskarane (kva forskar dei på, for kven? Det må ein finne ut av sjølv) som skriv her i avisa 17. september, er Noreg sin tryggleiksinteresse så samanveva med USA sin at ein kvar svekking av USA sin verdspolitiske posisjon utgjer ein fare for oss. Difor må vi delta på alle moglege amerikanske eventyr: Dels for å vise at vi er ein lydig og verdifull alliert, og dels av di vår objektive nasjonale interesse krev at USA er sterkare enn alle andre i verda.