The Substance
(USA, Frankrike, 2024) Regi og manus: Coralie Fargeat Skrekk-satire/ 2 t. 20 min./ Kino
Kvinneleg sjølvhat er eit høgpotent filmmotiv, og i møte med Coralie Fargeats herleg grenselause kultursatire «The Substance» slår det ein kor få samlande granskingar som finst av dette hatet i alle sine fasettar, alle sine aldersstadium, alle sine psykologiske og sosiale konsekvensar.