Milliardærøya
(Noreg, 2024) Serieskaparar: Anne Bjørnstad og Eilif Skodvin Regi: Marit Moum Aune Satire/ sesong 1/ 6x45 min./ Netflix frå 11. september
Ein norsk skatteflyktning i Dubai døyr og set med det i gang ein rå maktkamp mellom to laksebaronar på Trøndelagskysten. Den gammaldagse familiepatriarken Gjert Meyer (Svein Roger Karlsen) i Meyer fjordbruk blir forsøkt utmanøvrert og kjøpt opp av den moderne businessmatriarken Julie Lange (Trine Wiggen), direktør i gigantselskapet Marlax. Første slag i kampen står midt under ei bunadskledd og flaggpynta konfirmasjonshelg på det vesle øysamfunnet Brima der feiringa av Langes yngste dotter og Meyers dotterson fell i skuggen av forretningane.