I 2021 utgjorde industrien nær 27 prosent av Tysklands BNP (langt føre til dømes USA med 18 prosent), og 7,5 millionar var sysselsette i industrien. Tyskland står for 29 prosent av industriproduksjonen i EU-landa, og nær halvparten av Tysklands samla eksportverdi er industrivarer. Av alle sysselsette var 25 prosent i 2021 knytte til eksportnæringar. Industrien har vore grunnlaget for Tysklands «eksportsuksess». Takka vere den eksportorienterte industrien har Tyskland hatt overskot på handelsbalansen kvart einaste år sidan 1952.
Medan trafikklyskoalisjonen vaklar, vandrar den tyske økonomien i retning av langvarig stagnasjon.
Tyske forviklingar
Kron og mynt