Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gode menneske kan også vere fordomsfulle, ha hormon og irrasjonelle kjensler.

Kva er rett i vår tid?

Eksistensielt: Spørsmålet om det er rett å setje barn til verda i vår tid, er stort og krevjande. Foto: Espen Nyttingnes

Pusterom

Teater Vestland, Trudvang, Fjaler

Av: Duncan Macmillan Omsett av: Terje Lyngstad  

Regi: Jeff Pedersen

Med: Carina Furseth og Harald Ottesen Nødtvedt

Eit sambuarpar i slutten av tjueåra er på handletur på Ikea når han, ganske tilfeldig, kjem til å nemne ordet «barn». Då blir det brått alvor. Her startar framsyninga «Pusterom», der vi utan ytterlegare forklåringar blir kasta direkte inn i ein heftig debatt om det er rett å setje barn til verda i ein situasjon med klimakrise og der CO2-avtrykket av eit menneske er like tungt som vekta av Eiffeltårnet.