Ein skal som kjent ikkje døme ei bok etter omslaget, men det er ikkje alltid dumt å la blikket kvile der ei stund før ein opnar boka. På framsida av Carl Frode Tillers nye roman er det kanskje 1-talet som først fell ein i auge – ein lovnad om meir, eit teikn på langstrekte ambisjonar vi kjenner att frå «Innsirkling»-trilogien (2007–2014). Blikket glid vidare over småtinga som er plassert i settehylla på omslaget; ei antyding om at romanen er full av detaljar, full av rom og forteljingar: Her er ein cocktailparaply frå ein sydentur, eit kjerrehjul som nokre amerikanarar fraktar frå Namsos til Minnesota, og ikkje minst små symbol og ikon frå kommunismens og sosialismens brokete historie. Sjølv blir eg nysgjerrig på eit fotografi som står i hylla, men då eg spør Tiller om det er frå familiealbumet, ser han nesten like nysgjerrig på det sjølv.
Carl Frode Tiller søkjer etter samhald og forsoning i sosialdemokratiets krisetid.