Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi noterer

… at ein ny, litterær nettstad har sett dagens lys: ordforalle.no samlar etter eige utsegn «alle norske bokanmeldelser». Per no tel vi rett nok berre lenker til 8780 meldingar, men det er slett ikkje dumt å sikte mot skyene! For kvar bok finn ein òg info om utlånsstatus på biblioteka og salssum på utvalde bokhandlar. Bøkene er elles merka med ein prosentscore som gjer oss skeptiske: Det ser ut til å vere basert på terningkast og ei i beste fall uklår kvantifisering av kvalitetsvurderinga frå meldingar utan terningkast. Notisredaksjonen er nok berre snurt for at det ligg så få meldingar frå Bokmagasinet ute.