Allereie i første setning i ein kronikk i Klassekampen 25. august byrjar Boye Ullmann med ein feilrepresentering av diskusjonen om væpning av Ukraina. Som eg og han har vore gjennom før her i avisa, er det ikkje tale om nokon avgrensa støtte til «luftvern og panservern» – Raudt er på Stortinget tilslutta Nansen-programmet, som inkluderer panservogner i direkte strid mot vedteken politikk. Ein slik uærleg inngang stillast imidlertid i skuggen av den forakten han legg fram for menneskeliv i det han innkasserar CIA-væpninga av sadistiske og reaksjonære drapsmenn i Afghanistan som ein solidaritetens triumf, av di ho bidrog til at Sovjetsamveldet kollapsa, som sjølv førte direkte til global høgredreiing, minst tre større kriger og hundretusener av dødsfall.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene