Den siste iren som ikkje kunne prate engelsk, heitte John Henry, eller Seán Ó hEinirí, og døydde 83 år gamal i 1998. Fram til langt ut på attenhundretalet var store delar av Irland framleis einspråkleg, men det irske språket raste nedover i bruk, og særleg hungersnauda i 1845–49 sette fart på språkdøden. I dag er det berre kring 40.000 menneske av meir enn fem millionar irer som har irsk som førstespråk.
Irsk
Dagboka