Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei forsvinning set oss på sporet av sjølve meininga med å fortelja historier i Laura Citarellas gåtefulle «Trenque Lauquen».

Argentinske labyrintar

Teiknar kartet på nytt: Manusforfattar og skodespelar Laura Paredes i rolla som den forsvunne botanikaren Laura i «Trenque Lauquen», regissert av Laura Citarella. Foto: Cinemateket

Trenque ­Lauquen

(Argentina, 2022) Regi: Laura Citarella Manus: Laura Citarella, Laura Paredes Mysteriedrama/ 4t. 22min./ Cinemateket

Kanskje er det å blottstilla kulturell vankunne når ein straks nemner Jorge Luis Borges i omtalen av ei intrikat, argentinsk filmforteljing, men referansen får stå si prøve. For forsvinningsmysteriet «Trenque Lauquen» er inga ordinær spaningshistorie om (endå!) ei bortkomen kvinne, men ei medrivande dissekering av korleis vi nyttar forteljingar til å skapa meining i tilværet.