Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nidstonga

  • Er podkastprat den nye rocken? Nei, nei, nei, nei. Utviklinga som ligg til grunn for denne påstanden, vil Nidstong-redaksjonen ta sterk avstand frå! Det er den britiske avisa The Guardian som hevdar at podkastar er i ferd med å ta over musikkfestivalar. Dei kan visa til ferske døme frå Reading og Leeds. Begge rockefestivalar har ein sidescene (kalla Aux) eksklusivt reservert for liveopptrednar frå «gen Z-orienterte innhaldsprodusentar» kjent frå Tiktok og podkastshow. Men fenomenet har også breiare appell. Seinare i år vil Alastair Campbell (Tony Blairs gamle strateg) og Tory-stjerna Rory Stewart spela inn sin svært populære podkast «The Rest Is Politics» på O2 Arena, der artistar som Madonna har spela. Det einaste som kan forsvara program som Aux, er om pratetrengte publikummarar samlar seg der i staden for framfor musikkscenene. Stop yapping! GK