Personar med soningserfaring som blir dømde til tvunge psykisk helsevern, er ofte gjengangarar i rettsvesenet og psykisk helsevern, viser forsking publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening. Av 286 personar med soningserfaring som vart dømd til tvunge psykisk helsevern, var 86 prosent domfelt frå før. 49 prosent hadde fått kriminelle forhold lagt bort grunna tvil om strafferettsleg tilreknelegheit. Dei domfelte hadde sporadisk kontakt med helsevesenet og kortvarige innleggingar i forkant av siste kriminelle gjerning. ©NTB
Du kan bla til neste sideBla med piltastene