Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vatnet steig frå etasje til etasje mens ho flykta oppover trappene.

Demens

Joe Biden slapp å gå inn i historia som han som opna døra til Det kvite huset på vid vegg for Donald Trump. No kan han nytta det siste halvåret som demokratisk president til å forsterka det gode han har gjort for det amerikanske samfunnet, for trass i at han ikkje lenger er den toppolitikaren han ein gong var, har han framleis mykje att av arbeidskapasiteten sin. Heldigvis lever han i ei tid som langt på veg har greidd å kvitta seg med fordomane mot dei endringane i kropp og sinn som følgjer med alderen, slik at han utan skam kan ta imot medisinsk hjelp. I tillegg har han blitt spart for den vanæra det ville vore å bli kasta ut med makt.