Den 11. juni kunne TV 2 glede seg over at helseminister Jan Christian Vestre «hyller dei private selskapa i helsevesenet for å hjelpe han med å kutte ventetidene». At offentlege helsekroner går til private eigarar «har han ingen problem med». I 2023 brukte dei offentlege helseføretaka rundt 17 milliardar kroner, det vil si vel åtte prosent av statens samla helseutgifter, til kjøp av helsetenester frå private aktørar. Vestre meiner at med større offentlege kjøp vil talet på personar i behandlingskø gå betydeleg ned, frå dei noverande rundt 250.000. Han får oppmuntring frå Civita som hevdar det er «åpenbart» at dei private selskapa har «vesentlig kapasitet». Dette er ein merkverdig påstand.
Privat drift er ikkje meir effektiv enn den statlege. Dei har berre færre utgifter.
Helsekronene
Kron og mynt