Folkeauke og produksjonsvekst er uforeinleg med det grøne skiftet. Likevel agiterer dei fleste politikarar for kraftutbygging og barneavl. For dersom produksjonen går ned, gjer levestandarden det òg, og dersom ikkje kvinnene blir flinkare til å føda barn, vil landet vårt snart mangla arbeidskraft, slik at det ikkje blir nokon til å stella dei gamle, den uunngåelege konsekvensen av at sånn tenkte folk for sytti-åtti år sidan òg.