No som EM er over, kan vi ta oss tid til å sjå på kva som rører seg i botnen av Obos-ligaen på nivå to i norsk fotball. Den gamle kjempa, Start, på nedrykksplass til PostNord-ligaen og nivå tre. Kristiansand-klubben har ikkje berre sportslege problem, men måtte òg skaffe sju millionar kroner innan utgangen av juni, for ikkje å bli trekt i poeng av NFF. No ser dei likevel fram mot lysare tider, etter at det har komme amerikanske investorar inn i klubben. Amerikanarane har lova å investere 40 millionar kroner over dei neste ti åra.
Omstart
Dagboka