Etter at me slutta med katt, har fuglane kome nærare huset, så her omkring er det heilt klart eit evolusjonært fortrinn å kunna halda rovdyr på avstand ved å bu vegg i vegg med menneska. Det kan vera ei utfordring for oss som bur i det same reviret, og i forfjor måtte eg omtrent søkja om løyve hos eit trastepar i barlinda utmed stoveveggen kvar gong eg skulle tappa vatn or springen der. Hoa flaug skrikande opp frå reiret, som var i augehøgd og lett synleg, og hannen flaksa heltemodig heilt opp i ansiktet på meg. Men etter kvart som eg lærte å fara stillare fram, gjorde dei det òg. Straks det første ungekullet hadde gjort unna den obligatoriske øvingsflyginga frå busk til busk langs hagegjerdet, gjekk dei i gang med eit nytt.
Utafor stoveglaset utspelar det seg ein kamp for tilværa.