Før rundballane, når himmelslusene opna seg nett i det mannen på garden skulle til å køyra inn høyet, kunne han enten forbanna dei høgare maktene som lét slikt skje, eller stilla seg i den opne låvedøra og sjå ut på eng og åker gjennom eit forheng av glitrande vatn. Den fine angen av soltørka gras ville i alle fall vera tapt for denne sesongen, og kyrne hans skulle måtta gumla seg gjennom vinteren på skralare for. Men enno kunne han velja om han ville la hugen formørkast av motgangen, eller nytta stunda til å reparera ein laus tilhengjarkarm eller skifta ei pakning i ei vasskrane i mjølkeromet.
Det beste ville vera å pløya opp grasmatta og setja poteter.
Fotballjord
Solveigs salt