Sidan Beyoncé brukte ordet «FEMINIST» som scenedekorasjon under MTV-konserten sin i 2014, har systerskapet stått sterkt i popen. Tidlegare hadde dei største popstjernene gjerne dissa kvarandre opent, eller i det minste posisjonert seg i forhold til ei anna – alltid fyrt opp av sladderpressa. Ta Britney versus Christina Aguilera eller Mariah Carey versus Jennifer Lopez – lista er lang (og alvorsgraden er høgst varierande). Men i takt med at feminisme blei kult og kvardagsleg, blei norma i musikkindustrien å vera raus og løfta sine medsystrer. I ein bransje så nådelaus som dette – og i kjølvatnet av tabloidpressas umenneskelege kjendisjakt på midten av 2000-talet – var det på alle måtar ei gledeleg utvikling. Her er kvinner som speler med kvarandre, aldri mot kvarandre!
Charli XCX og Lorde si hudlause konfliktløysing er den rake motsetninga av vårens rapbeef.