Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi noterer

... at litteraturlandets flora er mangfaldig. 2.–4. august kan ein i høve science fiction- og fantasyfestivalen Norcon sitt 30 års jubileum (!) oppleve to «prisbelønte og verdenskjente» forfattarar – som ein god del av oss nok ikkje har høyrt om. Det gjer ingenting for «fansen», som gler seg til å treffe amerikanske John Scalzi og britiske Adrian Tchaikovsky. Kvar? Realfagsbiblioteket på Blindern, sjølvsagt!