Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Partigründer Nigel Farage fekk starta valkampen på sitt eige tv-program «Farage».

Eit nytt Tv-Europa

Pub-tv: Reform-gründer og tidlegare Ukip-leiar Nigel Farage har vore eit trekkplaster til den sterkt politiserte tv-kanalen GB News. No stiller han i parlamentsvalet og må nøya seg med å vera gjest. Foto: Skjermdump frå GB News

Ha-ha! Har du sett GB News? Det er sonen min som spør. Han kom ved eit tilfelle over eit nettklipp frå det nyaste og mest omstridde tilskotet til britisk tv, og – fram til grenseoverskridingane mistar sjokkverdien – er «The Saturday Night Showdown» no ein komifavoritt i Gen Z-kollektivet.