Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ideen om blodsband druknar i kulturelle motsetnader.

Genetikkhistorie

Ei godt vaksen kvinne frå Nord-Noreg ville busetja seg i nærleiken av søster si i Sør-Sverige, og gjekk saman med henne inn på kontoret til ein eigedomsmeklar for å skriva under kontrakt på kjøp av husvære. Seljaren var òg norsk, litt eldre enn dei to, og så prikk lik halvsøster deira at dei stivna der dei sat. For halvsøstera hadde døydd for eiga hand for meir enn tretti år sidan.