Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tedrikkande apar blei ein trussel mot den britiske identiteten.

Hjørnetenner

Studiet av naturen handlar for ein stor del om å få vitskaplege observasjonar til å stemma med menneskelege fordomar. Derfor går det ganske mykje opp og ned med kva som blir rekna for sant. Carl von Linné møtte liten motstand då han tidleg på syttenhundretalet skreiv at apar kunne bruka reiskapar, men på nittenhundretalet førte trua på eit absolutt skilje mellom menneske og dyr til streng avvising av slike påstandar. Ein flokk med apar som hadde lært å drikka te av porselenskoppar på tradisjonell manér i London Zoo, blei slik ein trussel mot den britiske identiteten at dei måtte omskolerast til å slengja rundt på mat og servise, sånn at tilskodarane kunne få det dei hadde betalt for.