Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Melding

Franske tilstandar

Det er alltid ei lekse å læra frå fransk integrerings-­ og sosialpolitikk. Politi er ikkje svaret.

Kjempar for blokka: Blaz (Aristote Luyindula) har mista trua på politikken, som venen og bustadaktivisten Haby (Anta Diaw) set sin lit til. Foto: AWE

De u­ønskede

(Les Indésirables/Bâtiment 5, Frankrike, 2023) Regi: Ladj Ly Manus: Giordano Gederlini, Dominique Baumard, Ladj Ly Drama/ 1 t. 45 min./ Kino

Eit gravfølgje får med nauda bore ned kista frå likvaken i leilegheita til den døde. Etasjane i den nedslitne, kommunale blokka er mange og trappa trong og mørk. Heisen har stått i årevis. Barnebarnet til avdøde, Haby (ei sterk og stoisk Anta Diaw, som får sagt mykje med få ord), bruker all ledig tid på å skaffa høvelege husvære til immigrantar – som også bestemora hennar ein gong var. Ein kunne tru Haby var nøgd med at kommunen vil riva og bygga nytt, men i den nye blokka skal det berre bli toromsleilegheiter, eit medvite «sosialpolitisk» grep for å hindra storfamiliar i å klemma seg saman. Renovering blir til ny fortviling for fastbuande. Det er eit like norsk som fransk fenomen, men franske interessekonfliktar har ein meir eksplosiv dynamikk.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?