De uønskede
(Les Indésirables/Bâtiment 5, Frankrike, 2023) Regi: Ladj Ly Manus: Giordano Gederlini, Dominique Baumard, Ladj Ly Drama/ 1 t. 45 min./ Kino
Eit gravfølgje får med nauda bore ned kista frå likvaken i leilegheita til den døde. Etasjane i den nedslitne, kommunale blokka er mange og trappa trong og mørk. Heisen har stått i årevis. Barnebarnet til avdøde, Haby (ei sterk og stoisk Anta Diaw, som får sagt mykje med få ord), bruker all ledig tid på å skaffa høvelege husvære til immigrantar – som også bestemora hennar ein gong var. Ein kunne tru Haby var nøgd med at kommunen vil riva og bygga nytt, men i den nye blokka skal det berre bli toromsleilegheiter, eit medvite «sosialpolitisk» grep for å hindra storfamiliar i å klemma seg saman. Renovering blir til ny fortviling for fastbuande. Det er eit like norsk som fransk fenomen, men franske interessekonfliktar har ein meir eksplosiv dynamikk.