Når eg opnar Nicolas Mathieus nye roman, synest eg med det same å høyre lyden av ein motorsykkel i natta – ei during frå ein tungsykkel i det fjerne eller lettare putring frå ein moped litt nærare. Lyden kallar snart fram eit landskap med maskiner, motorvegar og forlatne fabrikkar nord-aust i Frankrike: Det er grått og ganske tungt i skumringa, men frodigare på dagtid, då ein kan sjå elva Mosel bukte seg blå gjennom bygder og småbyar, forbi grøne åsar og fjellsider.
I Nicolas Mathieus fyldige romankunst blir glødande nostalgi kjølna med iskald styringsideologi.
Forandre seg igjen
![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/fd56e851cf4b8a9166067f74c5180719f441277a-1000x1171.jpg?w=1000)