Tsitsi Dangarembga
Alt jeg ikke er
Roman
Omsatt av Merete Alfsen
Forlaget Press 2024, 288 sider
I «Alt jeg ikke er», andre bok i zimbabwiske Tsitsi Dangarembga (f.1959) sin lysande gode trilogi om ei ung jente si klasse- og identitetsreise, blir spørsmål om kjønn, rase og tilhøyrsle verkeleg sett på spissen. Tambudzai Sigauke, ein stjerneelev ved Rhodesia sin mest prestisjefylte skule for unge jenter, er del av denne klosterskulen sin «afrikanske» kvote. Det er ein temmeleg ironisk status å ha i sitt eige land, men Tambudzai har internalisert det kvite blikket på kroppar som hennar, og stiller få spørsmål ved dette. Sjølvforakta hennar omfattar også klassekameratane på «den afrikanske sovesalen», som ho gjer alt for ikkje å bli assosiert med.