Elin Eika Bringa
Snart er eg natt
Roman
Bonnier Norsk Forlag 2024, 223 sider
Elin Eika Bringas debutroman «Snart er eg natt» byrjar og sluttar med at Gonhild Lunden, bebuar på sjukeheimen i Bø, får besøk av Tirill, nyutdanna journalist i lokalavisa. Anledninga er at Gonhild straks skal runde 100 år, ei storhending ho gjer sitt beste for å sabotere. Intervjusjangeren har ho eit heller ambivalent forhold til: