Årets første bad
Då eg var lita, var det ingen eg kjende som gjekk i barnehage – eg visste ikkje ein gong kva det var. Til gjengjeld var det mange barn å leike med i gata – i den vesle stubben av vegen som låg innanfor travbana var der eit halvt dusin hus, villaer og tomannsbustader, og her var vi ein flokk på fire-fem jenter med berre eit drygt år mellom den eldste og den yngste, og vi leika mykje saman. Vi hadde også tre storebrør som var eit par år eldre, dei leika vi også med rett som det var.
Vi kan vel ha vore fem-seks år då dette hende; vi hadde i alle fall ikkje byrja på skulen. Vi var og leika oss på myra. Den låg heilt på grensa av området der vi hadde lov å gå utan fylgje av ein vaksen, eller kanskje litt utanfor? Vi var i alle fall ikkje i sikte for mødreauge som såg etter oss gjennom kjøkenglasa.
Myra var spanande – her budde Nøkken; Teddien hadde sett han ein gong i toppen av eit tre! – og eg hadde kjent handa hans gripa om foten min og prøva å dra meg ned då eg tråkka i eit myrhol. Hit kom også all hestemøkka frå stallane på travbana, så utpå sommaren vaks havren fint her.
Det vår ein fin og solrik dag tidleg på våren, og det var vel jakta på hestehov og kvitveis som hadde ført oss hit, om eg minnest rett. I alle fall sat vi der i solsteika og kvila oss. Midt framfor oss var eit lite tjørn og ein av oss småjentene kom på at dette måtte vera den perfekte staden og tida for eit vårbad! Vi fekk av oss alle kleda og plaska rundt i vatnet – det var ikkje den heilt store varmen i vatnet enno!
Så var det til å kle på seg igjen. Å kle på seg sjølv var eit kunststykke vi for så vidt meistra, men å få på klede på ein våt kropp er ikkje så lett, men vi fekk no på oss alle plagga til slutt.
Vi vart einige om at dette sikkert var noko mødrene våre hadde best av å ikkje få veta noko om – det kunne vel godt tenkast at dei ikkje sette pris på at vi bada der hestemøka vart dumpa …
Men som sagt, det er ikkje så lett å kle på ein våt liten kropp, og vi vart avslørde av ei strømpebukse som var komen på att-og-fram og med vridde bein! Ho med den vridde buksa vart teken med til doktoren for stivkrampesprøyte – dei var så raske med å dra til doktoren i den familien – og vi fekk alle streng beskjed om at dette ikkje fekk gjenta seg. Men eg lurar no på om ikkje dei vaksne humra litt av påfunnet vårt når vi ikkje såg det?