Galleri Semmingsen viser for tida utstillingen «How could I have known?» med Thomas Knarvik. Utstillingen står til 19. mai.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Årets første bad
I dag
Då eg var lita, var det ingen eg kjende som gjekk i barnehage – eg visste ikkje ein gong kva det var. Til gjengjeld var det mange barn å leike med i gata – i den vesle stubben av vegen som låg innanfor travbana var der eit halvt dusin hus, villaer og tomannsbustader, og her var vi ein flokk på fire-fem jenter med berre eit drygt år mellom den eldste og den yngste, og vi leika mykje saman. Vi hadde også tre storebrør som var eit par år eldre, dei leika vi også med rett som det var.