Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Isbre

Det er kanskje litt dumt, men for meg var det faktisk ei openberring då eg skjøna at det er brefalla som har vorte mykje mindre av klimaendringane, og at isbreane framleis er veldig store. Når du ser eit bilete med samanlikning som syner at ein isbre som har vorte mykje mindre dei siste femti åra, så ligg det altså framleis ein veldig stor isbre bak det vesle brefallet du ser på biletet. Det er ikkje meininga å underslå at isbreane vert mindre eller at klimaendringane er dramatiske, men det betyr jo at det vil vere mogleg å vandre på isbrear i Noreg så lenge alle som les dette er i live, og også lenge etterpå.