Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vampire Weekend grev djupare i sine favorittema: klasse, historie og New York.

Fortid, framtid, samtid

TRE VAMPYRAR: Sjå, dei smiler. Foto: Michael Schmelling
Album

Vampire Weekend

Only God Was Above Us

Spring Snow/Columbia/Sony

Heilt sidan den stranddagen i Øst-Tyskland for fjorten år sidan, då venninna mi gav meg eine øyrepluggen sin og sette på «A-Punk», har Vampire Weekend vore lydsporet til ungdomstida og tjueåra mine. For kvart album har eg blitt freista til å genierklæra Ezra Koenig, primus motor i dette akk så smarte, akk så newyorkske indiebandet.