Utdanningsminister Oddmund Hoel og professor emeritus Bernt Hagtvet har hatt meiningsutveksling i Klassekampen om utviklingstendensar i høgre utdanning. Eitt punkt hoppar begge over: Inntoget av engelsk i undervising og forsking. Ola Borten Moe, forgjengaren til Hoel, tok dette opp med universiteta som eit problem. Norsk som forskingsspråk burde utviklast, ikkje avviklast. Har den nåverande utdanningsministeren tenkt å fylgja opp dette initiativet?
Kva med norsken, Hoel?
DebattAkademia