An actor you couldn’t refuse
Kalender
Det er stor avstand frå det folkelege engasjementet som har skapt idretten og pampane på toppen som forvaltar han. Det europeiske fotballforbundet Uefa er så usikre på seg sjølv at dei bøtelegg klubbar for det dei kallar «provoserande meldingar av krenkande natur». Uefa har sjølvsagt reglar som dette for å verne spelarar, supporterar og andre mot rasisme, homohets og kvinnehat, som finst på mange fotballtribunar.