Ronja – ein seriesaga
Velkjent, flott og skummel «Ronja Røverdatter», men nydikta handling tilfører lite.

Ronja Røverdatter
(«Ronja Rövardotter» Del 1, Sverige, 2024) Regi: Lisa James Larsson Manus: Hans Rosenfeldt basert på Astrid Lindgrens bok (Eventyr, 6x45min./ Netflix frå 28. mars)
Klassiske forteljingar må gjerne nytolkast for nye generasjonar jamvel om det ikkje er kunstnarisk naudsynt. Tage Danielssons «Ronja Røverdatter» (1984), etter Astrid Lindgrens eige manus, står seg enno som ei levandegjering av boka, men filmteknikk, filmspråk og forteljartempo endrar seg kontinuerleg og påverkar publikum si oppleving av kvalitet, relevans og truverd. 2024-utgåva av «Ronja Røverdatter» kjem nærast sjølvsagt i eit handlingsmetta serieformat på ei strøymeteneste, og dei samtidsaktuelle metaforane gjev ikkje lenger ekko av kaldkrigssplitting, men av flyktningkrise og folkefordriving.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent