Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattSkule

Scientisme

Den siste tidas hendingar på Trosterud skole er ein naudsyn konsekvens av norsk skulepolitikk og ideen om ein forskingsbasert skule. Ideen om forskingsbasering vil kunne føre til avmakt. Avmakta oppstår om det blir ein til ein forhold mellom praktisk kunnskap og forsking. Om det berre er forsking som kan uttrykke praktisk kunnskap vil det ikkje vere mogleg for læraren å uttrykke kunnskap basert på kva dei kjenner som vesentleg og ­meiningsfullt for eigen praksis.

Mobil eller iPad i skulen er eit godt døme. Vitskapleg sett veit vi svært lite sikkert om effekten av iPad når det gjeld læring for den enkelte, etiske omsyn i klasserommet og samfunnsmessige konsekvensar. Likevel er både vitskaplege IKT-optimistar og -pessimistar på ballen. Med skråsikker forskingsbasert haldning blir lærarane sendt i stadig nye digitale retningar i eit akselererande tempo. Med seg på laget har denne forma for vitskap gode intensjonar, økonomiske interesser og ei skuleleiing som av omdømebygging og forel­dresamarbeid vil gjere skulen forskingsbasert og forbetra.

Ein av konsekvensane er at vitskaplege og omdømebaserte påstandar vert forstått som normative ideal ein kvar lærar skal følgje og om læraren ikkje oppnår resultata av å følgje oppskrifta så er det læraren som er feilen. Sjølv om læraren skulle meine at det er læringshemmande eller moralsk gale å bruke oppskrifta, er det ingenting han kan gjere. Han kan berre argumentere ut frå praktisk klokskap.

I ein slik skule vil det læraren kjenner er rett og verkar, ikkje lenger legitimerast som sant. Vitskapleg informasjon har hierarkisk sigra over visdom og praktisk klokskap. Læraren har mista autoriteten til å meine noko som helst anna enn å vere den som skal gjennomføre det vitskapen seier for å halde på skulens omdøme.

Fleire spør etter lærarstemma og meir autoritet til læraren. Det er rett og slett ikkje mogleg i ei forskingsbasert utdanning som uttrykker eit ein til ein forhold mellom vitskap og praktisk kunnskap, og som ikkje anerkjenn grensene for kva vitskap ikkje kan seie noko om. Ein alternativ posisjon er å arbeide for ein kunnskapsorientert skule, ein visdomsorientert skule, ein meiningsfull skule, ein praktisk klok skule, eller rett og slett ein god skule.