Den siste tidas hendingar på Trosterud skole er ein naudsyn konsekvens av norsk skulepolitikk og ideen om ein forskingsbasert skule. Ideen om forskingsbasering vil kunne føre til avmakt. Avmakta oppstår om det blir ein til ein forhold mellom praktisk kunnskap og forsking. Om det berre er forsking som kan uttrykke praktisk kunnskap vil det ikkje vere mogleg for læraren å uttrykke kunnskap basert på kva dei kjenner som vesentleg og meiningsfullt for eigen praksis.
Scientisme
DebattSkule