Dersom du har 750.000 kroner, kan du no kjøpe den gamle prestebustaden i Høyanger frå 1920. Huset er gamalt og treng oppussing, men for litt meir enn ei vanleg årsløn får du altså 283 kvadratmeter med det eigedomsmeklaren kallar «herskapleg einebustad», og meir enn 11 mål med hage i den flotte parken i Høyanger. Parken er eigentleg ikkje ein park, men eit bustadområde inspirert av den engelske hagebyfilosofien.
Høyanger
Dagboka