Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«No Other Land» er eit klaustrofobisk­ opphald på Vestbreidda.

Bulldosarpolitikk

Masafer Yatta: Skole i går. Ruin idag. Foto: Berlinalen

No Other Land

(Palestina, Noreg, 2024) Regi: Basel Adra, Hamdan Ballal, Yuval Abraham og Rachel Szor Dokumentar/ 1t. 35min./ Human Filmfestival

I går kveld opna Human internasjonale dokumentarfilmfestival i Oslo med den mest kontroversielle filmen frå filmfestivalen i Berlin. «No Other Land», som fekk dokumentarprisen ved Berlinalen, skildrar fordrivinga av palestinarar frå Vestbreidda gjennom augo til ein ung palestinsk aktivist, Basel Adra, og ein jamgamal israelsk journalist, Yuval Abraham. Dei to takka også for prisen i Berlin der Abrahams doble appell om våpenkvile på Gaza og at det må bli slutt på «apartheidsituasjonen» i Israel, var medverkande til eit politisk etterspel i Israels støttespelar Tyskland.