Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kino

Talet på folk som går på kino er lågare enn det var for ti år sidan, og mykje lågare enn det var for tjue år sidan. Når ein ser gamle kinobygg som no vert brukt til andre formål, kan det gje ei kjensle av at kino høyrer fortida til. Det er jo flott at Norli i Torggata i Oslo er landets største bokhandel, men det er også trist å sjå den gamle baldakinen frå den kommunale kinoen Eldorado, som låg der frå 1928 til 2012.