16. februar retta Klassekampen nokre trykkfeil i språkspalta 14. februar. Men det var èin feil til, som truleg må stå for forfattarens rekning: Nest siste avsnitt byrjar med: «Varden i Vestfold». Eg trur sikkert det fins fleire vardar i Vestfold, men sidan det her er tale om avisnamn, er det nok «Varden» i Skien det er snakk om. Og Skien er som vel kjent hovudstaden i vårt nyrestaurerte fylke Telemark.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene