Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Då Navalnyj ringte Kremls agentar.

Avsløringa

1976–2024: Aleksej Navalnyj. Foto: HBO

Navalny

(USA, 2022) Regi: Daniel Roher Dokumentar/ 1 t. 38 min./ HBO Max

Då Russland gjekk inn i Ukraina på alle frontar 24. februar 2022, sat Putins mest kjende kritikar Aleksej Navalnyj alt fengsla i Moskva. Det var ikkje nok for krigsregimet. Navalnyj fekk ein ny dom, og vart sendt til arbeidsleir i Sibir. Laurdag har Ukraina-krigen vart i to år og fredag døydde Navalnyj i fangenskap medan kona, Julia Navalnaja, var på tryggingskonferansen i München.