Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Misnøyas vinter

Mange regissørar filmar romanar. Nuri Bilge Ceylan skriv litteratur på lerretet.

Kaldt mellom vener: Samet (Deniz Celiloğlu) og Kenan (Musab Ekici) er vaksne ungkarar og velutdanna lærarar som deler husvære og arbeidsplass. Når dei blir skulda for uhøveleg oppførsel, raknar alt som har bunde dei saman. Foto: Arthaus

About Dry ­Grasses

(Kuru Otlar Üstüne, Tyrkia, 2023) Regi: Nuri Bilge Ceylan Manus: Ebru Ceylan, Akın Aksu, Nuri Bilge Ceylan Drama/ 3 t. 17 min./ ­Cinemateka

Kven er du, blir Samet (Deniz Celiloğlu) spurt på eit skilsetjande punkt i «About Dry Grasses». Det er eit grunnspørsmål i alle Nuri Bilge Ceylans filmar, og som publikumar må vi sjå filmane til endes for å få svar. Hovudrollene ter seg – medvite eller ikkje – ulikt i møte med andre, alt etter kva som gagnar dei i situasjonen. Karakterane, ofte omtalte som tsjekhovske, kan vera moralske og umoralske, kloke og dumme, rause og smålege, omsorgsfulle og kyniske, ærlege og løgnaktige på like omskifteleg vis som levande menneske. Men plassert i dei opne og vindpiska landskapa i Anatolia er det umogleg for karakterane å skjula dårskapen vi andre kan gøyma i kinomørkeret. Til sist kan vi vona på ei felles sjølverkjenning.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?