«Ut av Nansenpakka og inn i fredssporet» er den appellative tittelen på Fjermeros sitt innlegg 13. februar, som er retta mot partiet Raudt og våpenstøtta som vi vedtok på årsmøtet i fjor. Refleksen som slo inn hos mange av oss, av same generasjon som Fjermeros, kom nettopp på bakgrunn av antiimperialistisk solidaritetsarbeid med Vietnam, ikkje fordi vi naivt blei med på det «offisielle Norges eventyr om hva stadig mer våpen vil kunne bringe av mirakler», som det nedlatande heiter. Nei, våpen bringer ikkje mirakel, men norske luftvernsystem har spart tusenvis av sivile liv.
Kor ligg hunden din begravd, Fjermeros?
Ukraina