Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Nyfrelst av kjernekraft

Oliver Stone har sunn skepsis til fornybar energi, men han lèt all skepsis til kjernekraft fara.

Entusiast: Oliver Stone (i midten) på omvising i det franske kjernekraftverket i Civaux. Foto: Tour de Force

Nuclear Now

(USA, 2023) Regi: Oliver Stone. Manus: Oliver Stone & Joshua Goldstein. Dokumentar/ 1 t. 45 min./ Kino frå 9. februar

Oliver Stones entusiastiske kjernekraftdokumentar kjem på norske kinoar akkurat i det den heimelege debatten om nye energikjelder, er i ferd med å opna seg. På grunn av vasskrafta, i tillegg til olje og gass, har Noreg aldri trengt å vurdera kjernekraft på alvor. Det leiande forskingsmiljøet ved Kjeller-reaktoren vart gradvis strupt for ressursar, og inntil nyleg har få, oppdaterte vurderingar av kjernekraft nådd allmenta. Tsjernobyl-ulukka i 1986 sementerte ei utbreidd oppfatning av risikoen ved kjernekraft, og den enno mykje brukte nemninga atomkraft speglar ein stabilt høg motstand mot kjernekraftverk, men opinionen er i pragmatisk endring.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?