Je’vida
(Finland, 2023) Regi: Katja Gauriloff Manus: Katja Gauriloff, Niillas Holmberg Drama/ 1t.40min./ Kino
Finsk-samiske Katja Gauriloff vaks opp framand for sin skoltesamiske bakgrunn, men har gradvis vorte knytt til forfedrekulturen gjennom fleire dokumentarar, ikkje minst den svart-kvite og eventyrlege «Kuun metsän Kaisa» («Kaisa av måneskogen», 2016), som utforska skoltesamisk mytologi og korleis kulturen nær vart øydelagt under andre verdskrig. «Je’vida» er ei spelefilmforteljing om trauma kulturtapet har skapt. Også denne fortalt i godt svart-kvit foto, som skapar indre og ytre samanheng mellom tre tidsplan.